LibreOffice 7.4 Hjelp
Skriv inn tilleggsinnstillingar for etikettane eller visittkorta, også tekstsynkronisering og skrivaroppsett.
Lagar ei full side med etikettar eller visittkort.
Skriv ut ein enkeltetikett eller eit enkelt visittkort på ei side.
Skriv inn kor mange etikettar eller visittkort du vil ha på ei rad på kvar side.
Skriv inn kor mange rader med etikettar eller visittkort du vil ha på kvar side.
Let deg redigera ein etikett eller eit visittkort. Når du trykkjer Synkroniser-knappen vert innhaldet i dei andre etikettane eller visittkorta på sida oppdaterte.
Knappen Synkroniser etikettar er berre synleg i dokumentet når du har vald Synkroniser innhaldet på fana Val då du oppretta etikettane eller visittkorta.
Kopierer innhaldet i etiketten eller visittkortet øvst til venstre til dei andre etikettane eller visittkorta på sida.
Viser namnet på den valde skrivaren.
Opnar dialogvindauget Skrivaroppsett.